Bli med i SNU’s nye prosjekt: KISS-ambassadørene!

Obs: søknadsfristen er over, og ambassadørene er valgt ut.

Er du interessert i temaer knytt til seksualitet, identitet og kropp?

Syns du seksualitet, kropp og identitet blir lite snakka om eller får for lite fokus i skuleundervisninga? Har du lyst til å lære meir om seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter og bidra til at også andre ungdom får lære meir?

Gjennom SNU sitt nye prosjekt “KISS-ambassadørene” kan du både auke din kunnskap om og engasjement kring kropp, identitet, seksualitet og samliv (KISS) og bidra til at andre unge får ein arena til å engasjere seg! Spennande, gøy og gratis!

 

6-8. september arrangerer vi ei kurshelg der du kan få lære om seksualitet, kropp og identitet, med spesielt fokus på positiv seksualitet, samtykke og grenser, normkritikk og interseksjonalitet. Kurshelga vil foregå i Oslo, og SNU dekker kost, losji og reise for alle deltagere.

I etterkant av kurshelga ønsker vi at du arrangerer aktiviteter der du bur, som ung-til-ung undervisning eller andre arrangement som du sjølv ønsker. SNU bistår deg kring det økonomiske og praktiske i forhold til å planlegge og gjennomføre slike arrangement.

I desember runder vi av året med ein ein-dags erfaringskonferanse der du igjen får møte dei andre ambassadørene og dele tankar og erfaringar kring prosjektet! Her får du moglegheit til å påverke korleis SNU arbeider lokalt, og dele dine synspunkt. Konferansen blir avholdt i Oslo, med reise og kost dekka av SNU.

Litt skummelt å melde seg på åleine? Det er veldig åpent for å melde seg på med ein venn eller ein medelev ein ønsker å engasjere seg saman med! Føler du at du ikkje kan nokon ting om denne tematikken og å vere ambassadør høyres litt skummelt ut? Desto større grunn til å melde seg på! Med interesse og engasjement treng du ingen spesiell forhåndskunnskap.

 

Prosjektet inkluderer:

  • Ei tredagers kurshelg i september saman med inntil 30 andre ungdom, der du får moglegheit til å auke kunnskapen din om og engasjement kring seksualitet, identitet, samliv og kropp. Heilt gratis!  
  • Oppfølging og tilrettelegging for at du skal kunne gjennomføre ung-til-ung aktiviteter der du bur.
  • Eit erfaringsseminar i desember, der du får møte igjen dei andre ambassadørane og dele erfaringar og tankar kring prosjektet, som kan påverke korleis SNU arbeider lokalt. Sjølvsagt også gratis!
  • Mykje ny kunnskap om fleire spennande tema og erfaring i å arrangere ung-til-ung undervisning og moglegheit til å skal ein arena for andre unge å engasjere seg.
  • Nye vener med same interesser i heile Noreg.
  • Bevis på gjennomført kurshelg. Supert på CVen!

Vi ønsker deg som:

  • Er fortrinnsvis mellom 16 og 19 år, men det er også åpent for andre engasjerte under 26 år å søke.
  • Synes seksualitetsundervisninga i skulen ikkje er god nok, og vil lære meir.
  • Vil bidra til at andre unge kan engasjere seg i tema som kropp, identitet, seksualitet og samliv, og vil bidra til å skape ein arena for dette engasjementet der du bur.
  • Synes at tematikken verker spennande, men ikkje veit kvar du kan få utløp for engasjementet ditt.
  • Synes det hadde vore gøy å engasjere deg saman med andre ungdom.
  • Er ein vennegjeng eller ei mindre gruppe medelevar som vil engasjere dykk saman.

Søknadsfrist:

24.juni. Du blir kontakta av oss i løpet av sommaren!

Send inn søknad her:

https://docs.google.com/forms/d/1S49bhGIDGXXGXOa7QKCYe0j7Ko2A8k8z_Lr9vtW-KGE/edit